Kamp referat:
Ein flott dag for fotball og ei glimrande kunstgrasbane på
Straume var ramma for første haustkampen. På grunn av
ferjetrøbbel over sognefjorden kom Thomas for seint til avspark
og dermed fekk Marius sin debut for Viggo. Kampen starta jamt,
men det tok ikkje lenge før Viggo fekk overtaket. Trass i dette
er det Sotra som får det første målet. Eit frispark frå Sotra
sin høgrekant blir skrudd innover og Sotra klarar og stange inn
leiing 1-0. Viggo forsette å styre kampen og ikkje lenge etter
får vi utligninga. Stian dunkar til frå 20 meter og ballen suser
inn til 1-1. Så skjer det fort på Straume og Marius kronar
debuten med å sette inn sitt første mål til 1-2. Like etterpå er
det Ørjan som prøvar skotfoten og det nydelege langskotet susar
inn i hjørnet til 1-3.
Viggo har fleire store sjansar til å auke leiinga etter 1-3
scoringa, men etter kvart mistar Viggo initiativet i kampen. Vi
blir meir passive i duellane og vi prøvar på litt fikse ting i
staden for å gjere ting enkelt. Om lag 10 minutt før pause blir
vi straffe for dette når Sotra køyrer ein overgang og får til ei
redusering til 2-3.
Etter pause startar kampen jamt, men Sotra riv etter kvart til
seg initiativet i kampen. Utlikninga kjem om lag 10 minutter
etter pause. På dette tidspunkt er det Sotra som er det beste
laget og har kontroll på det meste som skjer. Men Viggo hevar
seg igjen utover omgangen og vi tar på nytt leiinga når Eirik
styrer inn 3-4. Sotra slår tilbake umiddelbart og utlikninga til
4-4 kjem få minutt etter. På ein corner om lag 10 minutt før
slutt stangar Thomas inn 4-5 på bakerste stolpe og Viggo er
igjen i leiinga, men nok ein gang utlikningar Sotra rett
etterpå. Etter 5-5 scoringa er det jamt på og kampen ebbar ut
utan fleire scoringar.
Litt skuffande å ikkje vinne ein kamp vi ledar mange gangar, men
vi møter eit godt Sotra 2 lag og etter andreomgangen er det
fortent at det endar med poengdeling.
|