Kamp referat:
Deilig haustver var ramma
for heimekampen mot Nordre Fjell 2. Dommaren bestemte før kampen
at Viggo skulle starte med medvinden og ballen, og vi startar
klart best. Vi køyrer kampen og har full kontroll på det som
skjer på bana.
Vi
er flinke til å la ballen gå mellom
oss og kjem oss flott rundt på kantane. Litt unøyaktige i den
siste pasninga inn framfor mål gjer at vi ikkje klarar å sette
ballen i målet. Midtvegs ut i omgangen får vi frispark frå vår
høgrekant. Etter litt diskusjon er det Anders som får sjansen og
han skrur ballen forbi heile forsvaret og ballen susar inn i
lengste hjørnet til 1-0 leiing for Viggo. Vi held oppe trykket
til pause og kunne fort hatt eit par mål før kvilen, men vi går
til pause med 1-0.
Vinden har ikkje løya i pausen og 2.omgang startar jamnar enn
det første omgang. Det er bølgar fram og tilbake og Nordre Fjell
er skapar mykje meir enn i første omgang. Det er likevel Viggo
som får utteljing først. Stian sender i veg ei kjempeflott
langpasning frå eigen 16-meter til Martin B som spelar Eirik
igjennom. Eirik er sikker og aukar leiinga til 2-0. Vi prøvar å
holde oppe trykket etter scoringa, men Nordre Fjell kjempar seg
tilbake i kampen og får utteljing etter 70 minutter. Vi får
ikkje avklart og spissen til Nordre Fjell klarar å få ballen i
målet. Kampen står etter dette og vippar. Viggo har nokon
sjansar til å punktere kampen, og Nordre Fjell har sjansar til å
få utlikninga. Fem minutter før slutt er det Nordre Fjell som
etter ein dødball kan sette inn 2-2. Eit skikkelig slag i trynet
for slitne Viggo spelarar, men vi hevar oss til ein siste
innsats og får utteljing i tilleggstida. Daniel tar med seg
ballen frå midtbana og setter full fart nedover høgre kanten.
Han sler eit glimarande innlegg og Ørjan er på bakre stolpe og
setter inn det viktige 3-2 målet. Etter dette er det Viggo som
styrer de meste og Sondre skulle hatt straffe heilt på slutten,
men dommaren velje å blåse av kampen i staden. Ein viktig seier
for Viggo for å holde seg i toppen av tabellen.
|