Kamp referat:
Ein fin dag for fotball på
Viggo stadion i lett duskregn og nesten ingen vind. Eit veldig
motivert Viggo lag var fast bestemt på å gjere jobben i siste
kampen i årets seriespel. Vi går ut på bana og krigar i alle
duellar og vi vinne dei aller fleste duellane i starten av
kampen. Vi pressar på og spesielt Daniel er veldig frisk på topp
og skapar veldig mykje farlige situasjonar framover på bana.
Bakover på bana har Viggo veldig god kontroll og vi styrer
kampen fullstendig. Midtvegs i omgangen er Daniel på nok eit
raid og blir sparka ned innanfor 16-meteren og dommaren dømmer
straffe for Viggo. Kaptein Kurt går fram og setter ballen
sikkert bak keeperen til leiing 1-0 for Viggo. Vi forsetter å
holde opp trykket og etter ein corner blir det mykje kriging i
duellar framfor mål som enda med at Sjur stangar ballen
i nettet til 2-0 for Viggo. Stillinga held seg til pause.
Andreomgang forsett der første var avslutta med dominans til
Viggo og i løpet av 5 minutt har Martin B auka leiinga til 3-0.
Vi forsette å styre kampen og Martin B scorar sitt andre for
dagen i midten av omgangen og vi leiar 4-0. Vi har fleire
sjansar til å auke leiinga utover omgangen, men det blir med
Andreas sitt 5-0 mål omlag 10 minutt før slutt. Libido skapar
ikkje så mykje framover, og det forsvaret ikkje tar seg av
stoppar Morten med storspel i målet.
|