Kamp referat:
Vi er før kampstart fast bestemte på å
tette igjen bakover etter heile 5 baklengs i førre kamp. Vi har
ein tropp på 16 mann og har god dekning på alle posisjonar.
Austevoll startar kampen best, og er
farlige på langpasningar som går
over forsvaret til Viggo Morten gjer eit par flotte redningar og
helde Viggo inn i kampen.
Etter
kvart får vi justert oss og vi tar kontroll over spelet og
utover omgangen styrer vi kampen veldig bra. Vi skapar ein god
del sjansar og på eit tidspunkt dømmer dommaren faktisk mål
etter at Ørjan lobbar like over tverrliggaren. Men etter input
frå dei 22 andre på bana gir dommaren seg og lar Austevoll ta
fem meter. Viggo forsette å skape sjansar og vi er nærme på å ta
ledelsen fleire gangar. Trass i fleire sjansar og overtak i
kampen er stillinga til pause 0-0. Kjell nyttar seg av den store
troppen og gjer heile tre bytter i pausen. Marius og Olle kjem
inn, i tillegg til Andreas som får sin debut for Viggo.
Viggo startar 2.omgang klart best og vi
legger press på Austevoll. Vi lar ballen gå og vi skapar fleire
store sjansar. Etter ein corner frå Ørjan får ikkje Austevoll
avklara skikkeleg og ballen endar opp med Andreas som dunkar til
og setter sitt første mål for Viggo til leiing 1-0. Vi
forsetter å holde oppe
trøkket og vi skapar mange sjansar til å
auke leiinga. Om lag eit kvarter før slutt kjempar Roger godt i
ein duell, og får sendt ballen flott vidare til Ørjan som fintar
keeper ned på knea før han setter ballen sikkert i mål til 2-0
leiing til Viggo. Vi holder bra
kontroll resten av kampen og sikrar ein viktig 2-0 seier.
|