Kamp referat:
Siste kampen for året, og
årets lengste bortekamp. Vi tidleg på plass ved Hordatun
Idrettsplass og første del av oppvarminga blir tatt i
styrkerommet. Vi bestemmer før kampen at vi skal prøve å presse
høgt og få eit tidleg mål. Den planen hadde tydelegvis Harding
og lagt, for det er to veldig angripsvillige lag som setter i
gang. I starten er det veldig jamt, og kampen bølgjar veldi fram
og tilbake i starten. Ingen kjem nokon store sjanser dei første
minutta og det er Viggo som første kjem til sjansar omlag eit
kvarter ut i kampen. Vi pressar Harding meir bakover på bana og
kjem til eit par skikkelig farlige skot som kunne gitt oss det
viktige førstemålet. I staden er det Harding som på ein corner
får til eit strålande heading som går inn heilt oppe i krysset
til 1-0 leiing. Resten av omgangen er det Viggo som styrer det
meste som skjer utan at vi kjem til for mange store sjansar. Vi
hadde definitivt fortent eit utlikning før pause, men Harding
held leiinga til halvtid.
2.omgang er i all hovedsak einvegskøyring mot Harding sitt mål.
Harding får eit par cornera og ein overgang eller to, ellers er
ballen stort sett inne på deira banehalvdel i heile andre
omgang. Vi pumpar ballen inn framfor mål og vi skapar fleire
sjansar til å få mål. Men vi slite med utteljinga, og berre
Roger klarar å sette ballen i mål. Eit flott innlegg frå Ørjan
styrer Roger sikkert i mål til 1-1 omlag midtveis i andre
omgang. Dessverre klarar vi ikkje å få meir uttelljing på
sjansane og kampen endar 1-1. Dermed er det Harding som får
spele 5.divisjon i sesongen 2012 og Viggo må ta nok eit år i
6.divisjon.
|