Den utsatte kampen mot Øygard 2 blei spelt i flott solskinn på
kunstgraset ved Sartor senter. Kampen åpna ganske jamt, utan noke overtak til
nokon av laga. Etterkvart kjempar Viggo til seg initativet og tar over styringa
i kampen. Vi klarer å ta ned ballen og skaper enkelte fine angrep med mange fine
kombinasjonar. Øygard satsar mest på å spele på tvers bak før den lange ballen
mot spissane, men Viggo er gode defensivt og har god kontroll på spissane til
Øygard. Midtbana kjempar veldig bra gjennom heile første omgang og Bjarte og
Rune styrer avstandane i laget bra, sjølv om det til tider blir litt for
sporadisk høgt press. Vi klarer derimot ikkje å omsette overtaket i spel til
målsjansar. Før pause har vi kun eit par halvsjansar og er egentlig aldri
farlige framfor målet til Øygard.
I pausen må Knut gje seg og Bjarte blir flytta bakover til midtforsvaret og vi
legg samtidig om formasjonen på midtbana og framover på bana. Omgangen startar
ganske jamt, men Viggo blir etterkvart pressa meir bakover og vi taper for mykje
på midtbana. Virkar som vi ikkje er heilt komfortable med formasjonen og korleis
vi skal plassere oss i forhold til kvarandre. Gir dermed vekk ein del av
initiativet vi hadde i første omgang. Likevel klarar vi i 2.omgang å få ballen i
mål. Bjarte sler ei presis langpasning (eller avklaring??) i bakrommet der Frode
har starta og han vippar ballen elegant over keeper til 0-1. Etter dette flyttar
Øygard høgare opp og gir oss større bakrom. Dette fører til at vi får nokon
farlige gjennomløpningar som kunne blitt målsjansar av. Eit vanskelig
tilbakespel til keeper av Øygard blir jaga av Bobbo og keeper klipper tilslutt
ned Bobbo og Viggo får straffe og keeperen til Øygard blir sendt av banen.
Marcin er som vanlig sikker på straffa og vi aukar til 0-2. Etter dette blir vi
pressa ganske kraftig bakover på bana men Øygard klarer ikkje å kome til nokon
sjansar trass i presset.
Kampen ebbar ut med 2-0 seier til Viggo og sesongens første 3 poenger er dermed
i boks. Ein veldig god førsteomgang og ein mindre god andre omgang, så er
forsatt rom for forbetring. |