Ny heimekamp i eit strålande ver på Nymark kunstgras bane. Vi er før
kampen klare på at dette er ein kamp vi skal vinne mot eit lag som har tapt sine
tre første kampar. Vi startar kampen bra og setter Njardar tidleg under press.
Vi spelar bra fotball og lar ballen gå mellom spelarane. Vi har god kontroll
bakover og er flinke til å snu spelet. Vi får og resultat av presset når Marcin
og Shatty kombinerer fint på høgrekanten og spelar til Frode som vender flott
opp og dunkar ballen i mål. Etter målet forsetter vi å styre banespelet og
midtbana vinner mesteparten av duellane. Men vi klarar ikkje å få ballen i mål.
Njardar/Tysnes er først og fremst farlige når dei kjem på sin venstrekant. Dei
har to veldig raske spelarar der som skaper problem for Viggo når dei får slå
opp upressa bakifrå mot desse spelarane. Etter 38 minutter kjem vingen igjennom
forsvaret til Viggo og klarer å sette ballen bak Jørn til 1-1. Denne stillinga
held seg til pause.
2.omgang startar dårlig for Viggo. Njardar/Tysnes kom meir med mot slutten av
1.omgang og dei forsetter med dette i 2.omgang. Dei tar over midtbana og lar
ikkje Viggo spelarane få ro med ballen. I ein periode midt i 2.omgang har Viggo
meir enn nok med å forsvar seg. Midtveis i omgangen klarar vi å heve oss litt
igjen og kjem meir med i kampen igjen og begynner å vinne duellar. Vi skapar ein
god del farlige overgangar og på ein av desse får Vidar ballen med seg gjennom
forsvaret til Njardar/Tysnes og han setter ballen i mål til 2-1 ledelse til
Viggo. Resten av kampen er Viggo farlige på ein del overgangar medan
Njardar/Tysnes pressar på for å få seg ei utligning. Men Viggo rir av presset i
mot og sikrar seg dermed sesongens 2. seier.
Ein god start på kampen for Viggo, men i 2.omgang blir heng vi dårlig saman og
vinn for lite duellar og vi kunne i denne perioden blitt straffa av
Njardar/Tysnes. Men vi kjempar oss til 3 nye poeng er dermed på 4.plass på
tabellen. |