Dato: |
29-august-05 |
Klokke: |
20.00 |
Bane: |
Nymark Grus |
Samtidig med at Brann spelte mot Fredrikstad skulle
Viggo kjempe mot Lindås om viktige poeng i kampen om å holde plassen i
5.divisjon. På stadion brukte Huseklepp 19 sekunder på å score, men det
er ingenting imot hans tidlegare klasse kamerat Bobbo. Han trengte kun
16 sekunder før ballen satt bak Lindås sin keeper. Målet kjem etter eit
innkast fra Knut I som Ove følger til linja og sler eit innlegg til
bakerste stolpe der Bobbo ragar høgast og stangar ballen i mål bak
keeperen til Lindås.
Etter den gode starten gir vi vekk overtaket til
Lindås, og lar dei komme inn i kampen. Omtrent midt i 1.omgang mister vi
ballen på midten etter kollisjon mellom Bjarte og Børge. Lindås tar med
seg ballen oppover og går rett gjennom forsvaret vårt og setter ballen i
mål.
Etter utligninga tar Viggo over styring i kampen
igjen og resten av omgangen styre vi kampen utan å komme til dei store
sjansane.
Andre omgang startar som første slutta med overtak
til Viggo. Etter omlag 70 minutter vinner Halfdan ballen høgt opp på
høgrekanten.Han sler ballen inn i midten. Ove flikkar den vidare til
bakerste stolpe der Bobbo fyrer avgårde ei kanon, som visstnok gjekk via
Børge og i mål. Kven som skal krediterast målet er web redaksjonen ikkje
sikker på så det må diskuterast ved eit seinare høve.
Etter målet faller vi lavare i bana igjen, og lar
Lindås ta over igjen. Etter omlag 80 minutter skallar ein Lindås spelar
til Voss sin snillaste mann Knut L, men merkelig nok gav dommaren han
kun gult kort. Så viser dommaren 1 minutt igjen, og ei evighet etterpå
får Lindås kast nede med corner flagget. Eit langt kast inn i feltet som
vi ikkje får avklart skikkelig endar med at Lindås setter ballen i mål
til 2-2. Like etter bles dommaren av kampen.
Vi var svært nær ein veldig viktig tre poengar som ville auka avstanden
nedover på tabellen, men marginane gjekk ikkje vår vei idag. No er det
ny kamp mot Fyllingen på Varden på laurdag. Då går vi inn for å overaske
og sikre oss tre poeng!! |