Dato: |
3-september-05 |
Klokke: |
15.00 |
Bane: |
Varden Kunstgras |
I strålande haustver tok Viggo turen til Fyllingsdalen
for kamp mot Fyllingen 2.
Ikkje altfor mange spelarar tilgjengelige for Viggo i
denne kampen, men alle var veldig innstilte på å gi alt for å ta med oss
poeng fra dalen.
Kampen starta som forventa med press fra Fyllingen. Vi
havna bakpå men forsvarte oss veldig bra og hindra dei i å komme til
nokon særlige sjansar. Etter omkring 25 minutter fekk dei likevel
utteling for presset når dei spelte seg fint gjennom forsvaret vårt og
satt ballen bak Morten. Resten av omgang kjempa vi vidare og kjem
stadig meir inn i kampen. Men den gode kjempinga gav ikkje resultat og
vi måtte gå til pause med 1-0.
Andre omgang starta med veldig bra kjemping fra Viggo og
i den perioden er det vi som har overtaket på spelet. Børge får ein
sjanse innanfor sekstenmeter etter flott forspill av Bjarte, men setter
den like utanfor. Største sjanse vår er det Knut Løne som får på ein
corner som han headar knallhardt på mål, men keeper får slått ballen
over til ny corner.
I denne veldig gode perioden får så Fyllingen ei contring
som endar med ny scoring til Fyllingen og dermed 2-0.
Etter dette faller Viggo litt igjen, og Fyllingen tar
over initiativet igjen og styrer resten av kampen. På slutten får dei og
satt inn enda eit mål slik at sluttresultatet blir 3-0.
Dermed blir det tap for Viggo mot topplaget Fyllingen, men med litt
flaks og uttelling i den gode perioden i andre omgang kunne vi fort ha
fått med oss poeng idag og. Innsatsen til spelarane er veldig bra idag
og, så det er mykje å bygge vidare på til neste kamp mot Arna/Bjørnar
kommande onsdag. Var og kjekt å sjå tidlegare trenar Svein Solberg
tilbake i Viggodrakta. Håpar det fleire kampar utover hausten! |