Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

ß

Sk Viggo

-

Lyngbø 2

4-2 (3-2)

à

                   
                   
        Morten        
                 
                   
                   
      Thomas Knut M.      
  Gaute(45)     Helge  
  Knut L.(45)        
               
                   
      Bjarte Rune       
  David(45)     Knut I(65)  
  Halfdan(45)     Bobbo(25)  
               
      Ove J Børge      
               
               
                   
                   
                   
                   
                 
  1-0 10 min   Ove J        
  2-0 13 min   David        
  2-1 16 min            
  2-2 20 min            
  3-2 35 min   Børge        
  4-2 75 min   Bobbo      
 

Dato:

14-august-05

Klokke:

18.00

Bane:

Nymark Grus

I strålande ver tok vi mot Lyngbø 2 på Nymark grusen. I vårens kamp slo vi dei 3-0 og vi hadde planar om å gjenta det.

Kampen starta med eit klart overtak til Viggo. Vi pressar høgt og pressar Lyngbø til å gjere feil. Etter 10 minutter får vi uttelling for presset. Viggo kjem ned på venstrekanten, ballen går ut til Ove som drar av ein mann før han setter ballen hardt i lengste hjørne. 1-0 til Viggo.

Ikkje mange minuttene etterpå får Ove igjen sjanse når han drar seg forbi forsvararen men keeperen til Lyngbø får slått ballen over til corner. Corneren tar David seg av, og sler ballen rett i mål til 2-0 til Viggo!

Etter dette kjem Lyngbø seg meir inn i kampen, og får seg kjapt både redusering og utligning. På 2-2 står så kampen og vippar fram og tilbake. Etter omlag 35 minutter spelar Viggo seg ut av forsvar på høgresida, ballen kjem til Ove på midten som snur opp og sler ein ball gjennom til Børge som går på eit flott løp. Aleine med keeper plassere Børge ballen i mål til 3-2 til Viggo. Etter dette kontrollerer vi kampen inn til pause.

Andre omgang startar som første omgang, med klart overtak til Viggo. Vi pressar Lyngbø bak på bana, men klarer ikkje å skape dei heilt store sjansane. Vi holder presset utover omgangen og hindrar Lyngbø å komme til nokon sjansar. Etterkvart kjem vi oss og til nokon sjansar og etter 75 minutter får vi uttelling då Thomas sler ball mot bakerste stolpe der Bobbo dukkar opp og headar vakkert over keeper og inn i målet!! 4-2 til Viggo. Resten av kampen er det Viggo som pressar på utan å få ballen i mål.

Kampen endar dermed med 4-2 til Viggo. Ein viktig seier mot eit lag som ligger nær oss på tabellen.
Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com