Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

ß

Telavåg

-

Sk Viggo

4-1 (1-0)

à

                   
                   
        Morten        
                 
                   
                   
      Knut M. Knut L.      
  Eivind     Helge  
           
               
                   
      Bjarte Rune (75)      
  David   Ronny(15) Knut I(60)  
        Tom G(30)  
               
      Ove J Børge      
               
               
                   
                   
                   
                   
                 
  1-0 30 min            
  1-1 55 min   Ove J        
  2-1 65 min            
  3-1 70 min            
  4-1 80 min            
 

Dato:

10-august-05

Klokke:

20.00

Bane:

Telavåg Stadion

Haustsesongen for Viggo starta borte mot Telavåg på grasbana på Telavåg Stadion. Ein sterk vind gjorde at forholda ikkje var dei beste, men bana var veldig bra. Kjell var på ferie denne kampen, så Egil tok seg av laguttak og taktikk før kampen.

Kampen starta med press fra Telavåg. Dei var meir vande med underlaget og spelte seg til nokon småsjansar i starten av kampen. Etterkvart kom vi meir med i kampen, men det var heile tida Telavåg som hadde kontrollen på det meste. Etter omlag ein halvtime kjempar Telavåg til seg ballen midt på vår banehalvdel og får ballen gjennom til ein spelar som står langt inne i feltet vårt som setter ballen bak Morten til 1-0 til Telavåg.

Telavåg held presset resten av omgangen og utan å få utteljing, slik at det står 1-0 til pause.

I pausen er vi enige om å kjempe oss inn i kampen igjen, og starten på andre omgang startar akkurat slik vi håpte. Vi pressar Telavåg bak på bana og styrer spelet i første delen av 2.omgang. Etter omlag 10 minutter ut i omgangen sler David ein flott corner fra vår venstreside som Ove møter med hovudet og styrer inn i mål til 1-1. Etter utligninga forsetter vi kjemping og kampen står å vippar på dette tidspunktet.

Etter omlag 65 minutter får Telavåg ein corner som blir slått inn i feltet. Vi får ikkje avklart skikkelig å Telavåg klarer å sette den i mål på eit skudd fra rundt 20 meter. Etter dette faller vi litt saman og rett etter setter Telavåg inn 3-1 direkte på eit frispark. Eit kvarter før slutt kjem og 4-1 og kampen er avgjort.

Ingenting å seie på at vi tapte denne kampen, vi møtte eit lag som var bedre enn oss på dagen. Vi har no ny kamp på søndag mot Lyngbø 2 klokka 18.00 på Nymark.
Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com