Dato: |
4-mai -05 |
Klokke: |
19.45 |
Bane: |
Nygårdsmyren Idrettspark |
På dagen 90år etter at Viggo var stifta tok vi den
første seieren i femte divisjon sidan 1999. Ein velfortent 3-0 seier
etter nok ein god kamp av Viggo-laget.
Kampen startar noko forsinka på grunn av ein dommar
som var litt sein. Dette såg ikkje ut til å påvirke Viggo, og vi gjekk
rett ut å styrte kampen. Vi kjem til ein del sjansar i starten og
spesielt på dødballer virkar vi farlige. Børge får ein diger sjanse midt
i omgangen då han får ballen aleine med keeper på 7-8 meter, men setter
avslutninga rett på keeper. Vi holder oppe presset og skapar fleire
sjansar utover omgangen.
Etter ca 35 minutter får vi corner fra høgre og Roger legger ein ball
som går mot bakerst stolpe og der setter Ove ballen kontant i mål ved
hjelp av venstre foten.
5 minutter seinare sler Vidar ein lekker ball over
forsvaret som Ove følger opp og setter ballen bak keeper i duell med to
forsvarspelarar og det står 2-0 som holder seg til pause.
Andre omgang forsetter som første omgang, men klart
overtak til Viggo, men Lyngbø kjem meir inn i kampen og får nokon
avlsutningar på mål. Knut Instanes kjem inn i andre omgang og får æra av
og sette inn vårt siste mål for dagen. Eit godt slått frispark blir
svinga inn i feltet kor Knut I dukker opp og setter ballen i
tverrligaren og returen i mål.
Vi vinner sesongens første kamp etter flott innsats av heile laget. Vi
viser god moral og støttar kvarandre opp i gjennom heile kampen. Vi må
satse på å beholde denne innstillinga for resten av kampane så blir det
mange fleire poeng på oss.
|