Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

<

Sk Viggo - Bønes 3-3  (2-2)

>

Innbyttere:  
Shatty
Stian
Lionel

Mål:
1-0 - 5 min Bobbo
1-1 - 20 min (straffe)
2-1 - 30 min Marcin (straffe)
2-2 - 35 min (straffe)
3-2 - 60 min Shatty
3-3 - 75 min

Første seriekampen mot Bønes på Nymark i eit strålande ver. Kampen starta veldig bra for Viggo og vi tar kontrollen med ein gang og Bobbo er frampå etter 5 minutter og setter ballen i mål til 1-0 til Viggo. Etter dette forsetter Viggo og styre kampen og vi har god kontroll bakover samtidig som vi får til ein del fint framover på bana. Etter omlag 20 minutter kjem Bønes inn i feltet vårt og trass i at Bjarte tar ballen frå Bønes spissen dømmer dommaren straffe til Bønes. Straffa setter Bønes inn bak David til 1-1. Viggo forsetter å styre kampen etter utligninga og Marcin kjem seg tilslutt gjennom forsvaret til Bønes og blir klipt ned av bakerste mann på Bønes, og straffe til Viggo, men ingen kort! Marcin setter sjølv inn straffa til 2-1 ledelse. Bønes kjem litt meir med i kampen etter scoringa til Marcin og like før pause kjem spissen seg gjennom  forsvaret til Viggo og rundar keeper og setter ballen mot mål. Der står Knut L og ballen treffer han i handa og går ikkje i mål. Dommaren dømmer straffe og gjer Knut det gule kortet. Straffa setter Bønes i mål til 2-2 som og er stillinga til pause.
2.omgang startar som første med overtak til Viggo. Etter omlag eit kvarter frå Shatty ballen på topp og han spring frå forsvaret og dunkar ballen imål til 3-2 ledelse til Viggo. Etter scoringa har vi god kontroll på kampen og Bobbo har ein diger sjanse til å auke til 4-2. Istadenfor er Stian uheldig og pådrar seg to gule kort som til saman blir rødt og dermed blir han utvist. Med 10 spelarar blir Viggo pressa bakover på bana og Bønes tar over kampen. Eit kvarter før slutt får Bønes uttelling når spissen deira setter ballen heilt opp i hjørnet. Resten av kampen går med til å forsvare Viggo målet, men kampen ebbar ut med 3-3 og eit poeng til kvart av laga.
Vi får dermed med eit poeng frå første kampen, i ein kamp der vi styrer mykje og har bra kontroll. Men positiv kamp i forhold til dei siste treningskampane med klar framgang i spelet.

Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com