Årets første heile treningskamp var bortekamp mot Skogsvåg
på Skogsvåg stadion. Skogsvåg er i vår avdeling denne sesongen og vi skal møte
dei igjen 3.mai klokka 15:00 på Skogsvåg stadion.
Før kampen hadde vi problem med å få med nok folk og
oppladinga inn mot kampen vart derfor ikkje den beste. Viggo starta ut i
ein 4-2-3-1 formasjon, nytt for dei fleste spelarane. Men sjølv om det
var nytt fungerte taktikken i periodar veldig bra, spesielt defensivt.
Kampen starta ganske jamt utan at nokon av laga hadde noko spesielt
initiativ. Etterkvart tar Viggo over styringa av kampen og midtbane
klarer å stenge av spelet til Skogsvåg i tillegg til at vi begynner å
skape ting framover på bana. Vi kjem oss fint rundt på kantane, men blir
litt upresise i siste pasningane. Etter om lag 25 minuttar sender Vidar
ein lang ball mot Marcin, som blir tatt ned av Shatty, som vender opp og
dunkar ballen via tverrliggaren og inn i målet. Kjempeskot av Shatty og
eit flott mål. Dermed 1-0 til Viggo. Etter målet mistar vi ein del av
initiativet og lar Skogsvåg komme inn i kampen. Trond må gje seg etter
om lag ein halvtime med skade, men har før det rydda opp i stor stil når
spissen til Skogsvåg kom seg aleine gjennom. Jørn kjem inn for Trond og
etter 35 minutt kjem Skogsvåg seg gjennom forsvaret til Viggo og kan
sette ballen forbi Jørn til stillinga 1-1. Jørn er på ballen, men har
ikkje sjanse på å stoppe skotet som går inn heilt i hjørnet. Omgangen
ebbar ut med 1-1 etter at Viggo har nokon små sjansar dei siste minutta
av omgangen.
2.omgang blir litt som første omgang med mange tette
duellar og ganske jamt mellom dei to laga. Viggo blir etterkvart
liggande litt lavare i bana og Skogsvåg får litt meir av ballen utan at
dei klarer å komme til noko særlig med sjansar. Ein av grunnane til at
Viggo blir liggande lavare er at fleire spelarar blir godt slitne utover
omgangen. Vi har ingen å sette innpå, men alle som er utpå kjempar godt
sjølv om det minkar på kreftene. Ingen av laga klarer å score fleire mål
og kampen endar 1-1.
Godt gjennomført kamp av Viggo, vi har veldig god
kontroll bakover og får til ein del bra framover på bana. Heilt klart at
vi har tatt steg i riktig retning sidan kampen mot Mann. Forsetter
framgangen kan det bli ein artig sesong.
|