Årets siste seriekamp hadde avspark klokka 20:00 i
flomlyset på Nymark. I eit typisk bergens ver med regn og vind var Nordre Fjell
motstandar. Kampen starta jamt med Nordre Fjell veldige giftige når dei fikk
sjansen til overgangar. Etter 7 minutter bryt dei Viggo på vei oppover i banen
og noken få trekk seinare ligger ballen i målet bak Trond. Etter målet sliter
Viggo med å komme til dei store sjansane, Nordre Fjell er forsatt farlige på
overgangar når dei bryter. Etter 27 minutter har Viggo frispark midt på Nordre
Fjell sin halvdel, men keeper snappar ballen på veg inn i feltet og setter igang
nok eit raskt angrep. Viggo heng ikkje med og Nordre Fjell går opp i 2-0.
Etter dette presser Viggo litt høgare i bana og få resultater få minutt seinare
når Henning får ballen på 11 meter og setter den ned i hjørnet til 1-2. Viggo
forsetter presset og etter 37 minutter dempar Henning eit innlegg frå høgre og
dunkar ballen i lengste hjørnet til 2-2. Dette var Henning sitt 99. mål for
Viggo. Viggo held presset fram mot pause utan å få fleire mål.
I andre omgang startar vi betre enn i 1.omgang, men utover omgang synker
innsatsen og feila begynner å florer blant Viggospelarne. Nordre Fjell utnyttar
dette midtveis i omgangen og vinner ei dårlig pasning midt på Viggo sin
banehalvdel og setter tilslutt ballen i mål til 2-3. Etter målet prøvar Viggo å
ta kontroll over kampen igjen, og dei siste 10 minutta har vi presse mot Nordre
Fjell. Og rett før slutt har Marcin ballen på høgre og sler inn mot mål der Ove
krigar mot keeper og Martin er frampå og setter inn utligninga med siste første
mål for Viggo.
Dermed endar årets siste kamp uavgjort 3-3. |