Tidlig laurdagskamp mot Fjell kameratene på
kunstgraset på stemnemyren.
Før kampen er vi enige om å presse høgt og prøve å stresse Fjellkam, og få
minutter er spelt før vi kjem til ein sjanse når Marcin og Shatty kombinerer op
høgre kanten og ballen kjem til Ove som setter ballen like over tverrliggaren.
Etterkvart tar Fjellkam over og styrer meir og meir av kampen. Etter 7 minutter
spelar dei seg gjennom midten og får ballen bak Trond til 1-0. Få minutter
seinara sler Viggo tilbake og etter at keeper ikkje klarer å holde ballen er
Bobbo på plass å setter inn utligninga.
Fjellkam forsetter å ha initiativet i kampen og Viggo blir pressa bakover. Men
Viggo har likevel bra kontroll og det er få store sjansar imot. Etter 38
minutter sler Fjellkam ballen langt oppover, og spissen til Fjellkam vinn
duellen med Børge og får med seg ballen innover i bana, og skuddet som kjem
sprett mellom hendene til Trond til 2-1 til Fjellkam. Det blir og stillinga til
pause.
2.omgang blir litt betre av Viggo, vi kjem oss høgare i bana, utan at vi klarar
å spele oss til dei store sjansane. Vi klarer ikkje å få flytta laget skikkelig
etter når vi får sjansar til overgangar og det blir for lite trøkk framover. Mot
slutten satsar vi enda meir framover, og då får Fjellkam enda ein sjanse når vi
rotar bakover, og det lause skotet sprett i mål til 3-1.
Dermed tapar vi kampen 3-1, mot eit lag som idag er klart betre enn oss. Neste
kamp no er årets siste og den er flytta til torsdag 11.oktober klokka 20:00 på
Nymark kunstgras. |