Kampen starta jevnt. Litt sjansar til begge lag.
Etter ca 15 min scorar Orion på ein corner. Det kunne sjå ut som ein
markeringsfeil, eller tellefeil som det heiter på fint. Det skulle også bli 2-0
i sekken før pause då ein Orion-kar plutselig stod der heilt åleine foran
Viggo-keeper Morten. "Da måtte jeg jo prøve å stoppe han derre orion-karen"
uttaler en noke forfjamsa Viggo-keeper i ein kort kommentar etter kampslutt.
Pause 2-0.
Andre omgangen fortsett der det slapp i første. Eit
visst overtak til Orion, men Viggo er absolutt med på notene. Dvs. på
effektivitet er det to forskjellige verdener. Orion straffar oss gang på
gang som følge av personlige feil og det blir 4-0 ut over i omgangen.
Det skal seiast at Viggo produserte sjansar utover
i kampen og kanskje spesielt i 2.omgangen. Det var derfor ingenting å
sei på då Ove brukte sine kjempekrefter og tråkla seg gjennom
Orionforsvaret og hamra ballen nede ved stolperota frå 16 meter.
I kampen mot opprykkskandidatane Orion fungerte
Viggolaget like dårlig som det har gjort dei siste kampane. Samhandling
og faste spelemønster er totalt fråverande. "Kva gjer eg når eg kjem der
med ballen?" Svaret i dag er dessverre: "Eg måker den framover og håper
det står ein Viggospelar der." Her er det heilt klart mykje å hente på
det taktiske. Derfor blei Viggo springande i mellom til dei små kreftene
tok slutt denne kalde og våte oktoberkvelden.
No blir det sannsynligvis 6.divisjon på vårt
ærverdige lag. Dette kan gjere godt. Laget treng å spele på seg både
sjølvtillit og ikkje minst gode spelemønster som ikkje tar pusten frå
oss før halvtimen er gått. |