Årets nedtur kom i helgas kamp heime på Fort
Nymark. Etter ein jevn første omgang, der stillinga var 0-0, kollapsa SK Viggo
fullstendig i 2.omgang. Laget som held til utanfor det sagnomsuste Brann Stadion
viste lite i 2.omgang som tilseier at laget blir å finne i 5.divisjon neste år.
Duellar blei tapt og agressiviteten var totalt fråverande. Gang på gang såg me
Erdal bryte gjennom etter puslete Viggo-spel. Jevnt og trutt scora Erdal gjennom
omgangen og laget frå Askøy gav seg ikkje før Morten hadde plukka 5 baller ut av
nettet.
Kampanalysen er kort denne gang, men alle som såg kampen på lørdag
forstår at dette var lite å skrive heim om, og gløymer den så fort som
mulig. Det viktige no er at spelarane går i seg sjølve og tar ut litt
ekstra på trening denne veka. Og ja, det er lov å trene på eigenhand
utenom oppsett fellestrening. No må me bretta opp
ermane og snu kjerringa (for dei som har kjerringer å snu) til helgas
kamp borte mot Austevoll 2. Viggo har vist moral før og det trur eg me
kan gjere på nytt. Ingenting er avgjort med tanke på nedrykk. Til helga
går me for 3 poeng gutta!!! |