Regnfull dag i Bergen når Viggo tok i mot Austevoll
til botnoppgjer i 5.divisjon. Før kampen låg laga på 11. og 12. plass på
tabellen, og begge trengte poeng i denne denne kampen.
Kampen starta med klart initiativ til Viggo. Vi styrer kampen og kjempar
Austevoll langt bak på bana. Vi skapar og nokon halvsjansar utan å få uttelling.
Så skjer det som ikkje skal skje. Austevoll sler ein lang ball inn i bakrommet
til ein spelar som spring fra forsvaret og setter ballen sikkert bak Morten.
Dermed scorar Austevoll på sin første og einast sjanse i første omgang.
Viggo forsetter å jobbe og får etter omlag ein halvtime uttelling for presset.
Litt mølje inne foran Austevoll sitt mål før Børge knallar ballen i nettet.
Etter utligninga forsetter vi presset og 5 minutter før pause krigar Bobbo
ballen fra ein Austevoll spelar på midten og får slått ballen til Marcin, som
elegant drillar vekk forsvar og keeper og plasserer ballen sikkert i mål bak
keeper.
Dermed 2-1 til Viggo til pause.
Andre omgang startar som først, med klart overtak til Viggo. Vi kjem derimot
ikkje til dei store sjansane og Austevoll kjempar godt for å komme seg inn i
kampen igjen. Etter omlag 70 minutter får vi endelig uttelling når Børge setter
sitt andre for dagen etter flott forarbeid på venstre sida. Etter dette får
Austevoll eit mål annulert for offside, før Knut Løne startar showet sitt.
Første styrer han sikkert inn eit innlegg fra venstrekanten til 4-1 før han
rundar av ein flott kamp med å plassere ballen i krysset bak keeper fra omlag 30
meter til 5-1 til Viggo.
Vi tar dermed sesongens andre seier, og har med det tatt 7 av 9 mulige poeng på
heimebane. Samtidig gjer vi eit hopp oppover tabellen, iallefall til resten av
kampane blir spelte på laurdag.
|