Bunnkampen mot Erdal enda med 1-1 etter ein hard, men fair kamp på
Erdal.
Viggo starta kampen best og presser Erdal bakover i starten av kampen.
Med vind i ryggen skaper vi nokon halvsjanser og har nokon farlige
dødballer. Erdal kjem etterkvart med og kampen jamnar seg meir ut. Etter
omlag 20 minutt kombinerer Erdal fint på sin venstrekant og kjem inn seg
inn I feltet, der Erdal spelaren går ned etter ein kollisjon med Viggo
sin stopper, og dommaren peikar mot straffemerket. Straffa setter Erdal
kontrollert i mål bak Harald som vikariert for Morten i mål.Etter
målet kjempar Viggo vidare og tar kontrollen I kampen igjen. Etter omlag
30 minutter tar Bobbo ballen på høgrekanten og sler ei flott pasning I
bakrommet til Ove som kjem aleine med keeperen til Erdal. Ove setter
ballen til høgre for keeper og utlignar til 1-1. Resten av første omgang
er jamspelt med mykje duellar utan altfor store sjansar til nokon av
laga. I pausen er Viggo fast bestemte på at dette er ein kamp vi som kan
vinne. Andre omgang blir og jamspelt, Erdal har eit par store sjanser,
blant anna ei heading like utanfor om lag 10 minutter før slutt. Viggo
har minst like mange og store sjanser. Svein har ein ball som han setter
i mål, men blir avblåst for offside. Marcin dribler seg forbi fleire
forsvarar, men er uheldig med skuddet som går like utanfor. I tillegg
blir Bjarte lagt i bakken innanfor sekstenmeteren i ein duell som er
veldig lik den som Erdal fekk straffe på i først omgang, men denne
gangen blåser ikkje dommaren.
Alt i alt eit greit resultat med 1-1, men med litt flaks kunne vi ha
fått med 3-poeng fra denne kampen.
|