Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

ß

Sk Viggo

-

Flaktveit

0-0 (0-0)

à

                   
                   
        Morten        
                 
                   
                   
      Knut M. Knut L.      
  Roger(75)     Helge  
  Harald(15)        
               
                   
      Stian Rune       
  Bobbo(88)     Vidar  
  Kim Ove(2)        
               
      Ove J Daniel(80)      
        Kjetil(10)      
               
                   
                   
                   
                   
 

Dato:

11-juni-05

Klokke:

15.00

Bane:

Nymark Grus

Fint ver og mindre vind enn sist vi spilte kamp gjorde at forholda låg til rette for ein fin kamp på Nymarks grusen.

Flaktveit starta best og pressa oss bakover i første omgang, men vi kjempa oss inn i kampen igjen og skapte etterkvart ein del. Vidar slår eit flott innlegg som Ove legger tilbake til Osa, so skyter men keeper reddar. Osa er på farten litt seinare og blir lagt ned innanfor sekstenmeteren og dommaren peikar på straffemerket. Kaptein Mikkelsen tar fart og setter ballen heilt nede i hjørnet, men keeper er raskt ned og reddar.

Stillstand fram til pause og største sjansen setter dei i metallet rundt krysset.

Andre omgang er ikkje så ulik første og vi kjempar og slit og nokon få sjanser også i andre omgang. Kjetil får kanskje den aller største da han kjem aleine med keeper, men keeper er igjen på pletten og reddar. Flaktveit kjem ikkje til nokon særlige sjansar i andre omgang sjølv om dei har mesteparten av spelet.

Kampen endar med 0-0 og eit poeng til begge laga. Kampen i dag blir ein hard batalje, mot eit som sler veldig fysisk. Albogar og skubbing var det mykje av i denne kampen. Men sjølv om vi ikkje alltid får frispark der vi skal ha det, forsetter vi å kjempe utan å kjefte på dommaren. Dette i sterk kontrast til våre motstandere som kjeftar på alt og alle etterkvart som kampen skrider fram. Vi holder humøret og innsatsen heile kampen og får eit fortent poeng på slutten av dagen.

No er det trening på mandag klokka 20:30, før det er ny kamp på onsdag mot Hordabø.
Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com