Dato: |
06-juni-05 |
Klokke: |
20.00 |
Bane: |
Nymark Grus |
Kampen mot Austrheim fra grasbana deira til Nymarks
grusen. Vinden blåste kraftig på Nymark denne dagen og gjorde det
vanskelig å få til å spele god fotball. Austrheim hadde medvind i første
omgang, men la seg merkelig langt ned på bana og lot Viggo styre spelet
i store deler av første omgang. Roger hadde vel sikkert omtrent 10% av
ballbesittelsen i første omgang. Ingen kom til særlige sjansar i første
omgang og det sto 0-0 til pause.
I pausen bestemt vi oss for å gå høgt ut å presse
Austrheim bakover i bana. Det viser å lønne seg, og vi pressar dei
stadig vekk bakover. Vi skaper nokon halvsjanser og får nokon cornerar.
Roger sler ein av desse cornerane i mot bakerste stolpen. Roger studert
vinden godt og ballen går i bakerste stolpen og inn i ryggen til Rune og
inn i mål. Ein velfortent ledelse til Viggo.
Vi forsetter å presse også etter målet, men Austrheim
innser at dei må høgare opp for å få seg eit resultat. Dei kjem opp i
feltet ved eit par anledningar og får seg etterkvart ei straffe. Morten
”Dudek” viser at syden ferien har gjort han godt og psyker ut spissen
til Austrheim som skyter den dårligaste straffen på Nymark i dette
årtusenet.
Etter straffen vippar kampen litt fram og tilbake.
Austrheim får så ein corner og tar igjen ein kort corner som Viggo
forsvaret ikkje følger med på. Fører til at ein Austrheim spelar får stå
aleine på bakerst stolpe og heade ballen i mål.
Ikkje lenge etter utligninga går Bjarte inn i ei takling
like utanfor seksenmeteren til Viggo og får sitt andre gule kort for
dagen.
Det ser då rimelig mørkt ut for Viggo, men vi gir oss
ikkje. Tre minutter før slutt får Ove ein ball ute på kanten og drar seg
fint forbi Austrheim backen og sler ei pasning opp til Bobbo som er på
eit flott løp. Bobbo viser sine avslutningsegenskaper og setter ballen
kaldt og rolig forbi keeper til 2-1 ledelse for Viggo.
Dermed halar vi i land ein fortent 2-1 seier på ein dag der vi ikkje
spelar opp mot vårt beste men likevel har med oss marginane på ein måte
vi har mangla tidlegare i år. No er det trening på onsdag til vanlig tid
og så ny kamp mot Flaktveit på laurdag klokka 15:00. |