Dato: |
21-april-04 |
Klokke: |
19.00 |
Bane: |
Lindås Gras |
Første borte kamp på graset til Lindås enda med eit
veldig surt tap for Viggo.
Vi startar kampen bra og går som planlagt ut med høg
press mot Lindås. Vi får ganske fort resultater. Børge tar med seg
ballen fra midt på Lindås sin halvdel. Går forbi backen, og triller
enkelt ballen forbi keeperen til Lindås. Flott mål av Børge.
Vi forsetter etter målet å skape fleire sjanser, og ikkje
lenge etter kjem Børge igjen fram på venstre sida og legger inn til
Thomas som setter ballen fint i mål. Etter dette forsetter presset og
kjem til avsluttninger fleire ganger. Etterkvart blir presset lavare og
Lindås kjem litt inn i kampen, men Viggo har overtaket.
I ein duell innanfor Viggo sin seksten meter blir Kim Ove
liggande igjen etter å fått slag mot hovudet, men verken dommar eller
Lindås spelarar stoppar spelet trass i at ein spelar ligger ned med
hovudskade. Lindås angriper istaden på vår høgre side og sender avgarde
ei laust skudd som slepper forbi Morten. Dermed 1-2, men uhyre svakt av
dommaren som ikkje stoppar spelet når Kim Ove ligg nede med hovudskade.
Viggo får seg ein trøkk og faller litt nedpå. Lindås sler
ein lang ball gjennom som Knut L. spelar tilbake til Morten, som tar ein
touch for mykje på ballen som fører til at Lindås får tak i ballen og
Morten feller spissen til Lindås og det blir dømt straffe til Lindås.
Denne setter dei inn og det blir 2-2 til pause.
Andre omgang startar bra for Viggo. Vi skaper ein del og
får til ein del fine kombinasjoner. Vi får frispark på Lindås sin
halvdel og Kim Ove sler ballen inn foran kassa. Vi setter press på
keeper som fører til at han gir retur til Thomas som scorer sitt andre
for dagen. 3-2 til Viggo. Etter dette faller vi litt nedpå og slepper
Lindås inn i kampen igjen. Dei får både 3-3, 4-3 og 5-3 utan at vi
klarer å stoppe dei. Vi skapar også i denne perioden ein del framover,
og Ove bommar på ein kjempesjanse på stillinga 4-3, slike skal i mål.
Ein del av sjansane blir og stoppa brutalt av Lindås som får takle og
sparke ned folk som dei vil utan at dommaren sler ned på det. Vi
forsetter likevel å kjempe etter at dei får 5-3, og Halfdan kommer
gjennom etter ein stuss og setter ballen flott forbi keeperen til 5-4.
Etter dette pressar vi kraftig på for å få utligninga, men det vil seg
ikkje.
Vi tapar dermed ufortent 5-4 etter å ha leda både 2-0 og 3-2. Vi spelar
likevel til tider bra fotball, men at vi tapar kritisk duellar på bana
gjer at vi blir hardt straffa. |