Vi har så langt i år ikkje hatt nokon dugnadar, men vi
har no ein målarjobb. Dei som ønskjer å delta i denne i
vekene som kjem må ta kontakt med Pål for meir
informasjon.
Vi satsar no på treningar på onsdagane klokka 20:30
framover. Dette vil bli felles treningar for både 11-ar
og 7-ar laget. Planen er å starte opp med vanlige
treningar 2 gangar i veka frå 6.august.
Søndagens 7-ar kamp mot Flaktveit enda med 7-4 tap for
Viggo etter mål av Andreas, Cato x 2 og Eirik.
|