Kampreferat:
Fyllingsdalen stadion var ramma for den tredje kampen I
haustsesongen for Sk Viggo. Motstandar var Utsikten som før kamp
hadde like mange poeng og same målforskjell som Sk Viggo.
Oppladninga til kampen blir ikkje optimal då motstandar verker
er tilstades eller stiller med ballar til oppvarminga, men vi er
uansett klare når kampen startar. Vi tar initiativet i kampen
frå starten av, og trass i litt motvind i første omgang er det
Viggo som skapar mest og har mest ball. Vi er litt unøyaktige i
gjennomspela og før ikkje skapt veldig mange sjansar. Martin er
nærmast med eit frispark som keeper sler ut via tverrliggaren.
Martin har i tilllegg eit innlegg som blir stussa rett over mål.
Utsikten
får eit par sjansar når vi blir brotne på eigen halvdel, og på
ein av desse klarer dei å overliste Vegard og sette inn 1-0 som
er stillinga til pause.
Viggo er bestemte på å snu dette i andre omgang, og vi går ut å
styrer det meste i denne omgangen. Vi får først utteljing etter
omtrent ein times spel. Ein corner blir heada mot mål og Øystein
er frampå og setter ballen i mål til 1-1. Etter dette har vi
fleire store sjansar til å ta leiinga, men vi klarer det først
etter cirka 80 minutt når Øystein skyt frå 20 meter og ballen
susar inn bak keeper. Etter dette er vi flinke til å styre
kampen inn og Utsikten får kun eit par halvsjansar på slutten
når dei satsa alt framover.
Ein velfortent og veldig viktig seier til Viggo over Utsikten.
|