Kampreferat:
Kveldskamp mot Tertnes som skulle foregå under flomlys, men før
kampstart var ikkje lysa komt på. Viggo var likevel motivert på
å revansjere både tapet mot Loddefjord 4 dagar før og tapet i
vårkampen mot Tertnes.
Tertnes startar likevel kampen best, og i halvmørket er det dei
som skapar sjansar tidleg i kampen. Viggo står litt for høgt i
bana og gir Tertnes store rom å spele seg gjennom på. Etter 5
minutt kjem dei igjennom etter eit brudd på midtbana og kan
sette inn 0-1.
Etter 20 minutt blir det ei pause i kampen, mens det blir jobba
med å få på lyset. Etter nye 25 minutt kjem det endeleg lys på
bana og kampen kan forsette. Viggo kjem best igang etter pausen,
og Per serverer kjapt Øystein som setter inn utlikninga. Vi legg
oss litt lavare i bana og får etterkvart initiativet i kampen.
Vi pressar fram fleire store sjansar, samtidig som Tertnes ikkje
klarer å komme seg til sjansar.
Rett før pause sender Martin ein flott stikkball igjennom til
Christian som setter inn 2-1 ledelse til Viggo.
Etter pause er det igjen Viggo som startar best og vi får corner
etter eit par minutt. Corneren blir stussa av Sondre E i feltet
og Sondre S får ballen og «brassar» inn 3-1 målet.
Etter målet held vi oppe trykket, men etterkvart kjem Tertnes
meir inn i kampen igjen. Etter at rundt timen er spelt får
Tertnes til eit bra press mot Viggo målet og får inn redusering
til 3-2.
Få minutt etterpå går Sondre S på eit flott løp og driblar seg
ned til linja og sler tilbake til Christian som setter inn sitt
andre og 4-2. Etter det held vi ballen fint i laget og vi spelar
oss til fleire sjansar til å auke ledelsen. Vi får ikkje fleire
mål før Daniel blir sparka ned inne i 16 meteren etter eit flott
løp. Martin setter straffa sikkert i mål til 5-2. Vi holde
kontrollen dei siste minutta og sikrar ein veldig viktig seier
for å vere med i kampen om opprykk.
.
|