Kampreferat:
Nydelege forhold på Viggo stadion, og i løpet av den første
omgangen var det fleire tusen som kikka inn på kampen mellom
Viggo og Minde.
Minde startar kampen best og har mest ball dei første minutta.
Dei er skapar og kampens første store sjanse, men Minde spissen
er i offside og blir avblåst etter å ha satt ballen i nettet bak
Morten.
Viggo kjem utover omgangen meir med i kampen og vi startar å
skape sjansar utover omgangen. Vi får til vårt høge press og
dette fører til at Minde gjer feil i dei bakre rekker som vi
klarar å utnytte. Vi får ein del farlege dødballar, men største
sjansen før pause er det Daniel som får etter flott forspel av
Georg og Per. Men ingen av laga klarar å score i første omgang
og det står 0-0 til pause.
Andre omgang startar med at begge lag må bytte spelarar som
følge av skade ganske tidleg. Minde må bytte på grunn av strekk
og Øyvind må etter 5 minutt med overtråkk. Martin kjem inn for
Øyvind og brukar kort tid på å markere seg. Ein lang ball mot
Daniel, endar opp hos Martin som drar seg forbi ein Minde spelar
og klinkar ballen i mål frå omlag 20 meter.
Få minutt etterpå kjem utlikninga til Minde, når eit frispark
blir slått inn framfor mål og vi ikkje får avklart og ballen
blir styrt i mål.
Utover omgangen står kampen og vippar og begge lag skapar
sjansar. Rett før slutt kjem Martin fint fram på høgre sida og
sler eit innlegg til Georg som headar ballen via stanga og i mål
til 2-1 leiiing for Viggo. Dommaren legg til 3 minutt, men Viggo
står imot dei siste minutta og sikrar seg ein veldig viktig
seier.
Vi vinn dermed ein jamn kamp som kunne slått begge veier,
og tar tre veldig viktige poeng for å henge med i toppen av
avdelinga.
|