Kampreferat:
Ei flott matte
venta Viggo i Alvøen der eit sterkt Loddefjord lag var
motstandar. 5 av spelarane frå 4.divisjonskampen dagen før var
med og satte sitt preg på kampen.
Loddefjord
starta best og tar kjapt initiativet i kampen.
Kun 5 minutt
er gått når Loddefjord kjem seg ned på sin høgreside og får
slått ballen inn foran mål og spissen kan sette inn sitt første
for dagen.
Viggo slite
med å få spelet til å å fungere og avslutningane forsvinn
utanfor målet til Loddefjord. Vi kjem nærme på ein corner som
blir heada rett utanfor.
Loddefjord er
farlege både når dei spelar seg igjennom midten og når dei
kontrar på Viggo. Etter 18 minutt blir ein Loddefjord spelar
lagt i bakken og dommaren dømmer straffe. Straffa setter dei
sikkert i mål til 2-0 leiing.
Loddefjord
forsetter å skape sjansar utover omgangen og etter 26 minutt
kjem dagens tredje mål, alle frå same Loddefjord spelar.
Viggo får lite
til å stemme, og Loddefjord er nærmar fleire mål i første omgang
enn Viggo er redusering.
Etter
pause hevar Viggo seg kraftig og vi kjempar betre i duellane og
får spelet til å flyte betre.
Vi begynne etterkvart
å skape fleire sjansar mot Loddefjord og får i tillegg eit par
farlege dødballar.
Midtvegs i
omgangen vinn vi ballen høgt i bana og Øystein kjem aleine med
keeper og setter inn redudseringa til 3-1.
Viggo
held oppe trykket og skapar fleire sjansar til å score fleire
mål, samtidig er Loddefjord farlege på overgangar. Eit kvarter
før slutt skjer det ting
i begge ender av
banen. Ein Loddefjord spelar bli lagt ned i Viggo sin
sekstenmeter, men dommaren vinkar spelet vidare. Viggo sler ein
lang ball opp langs venstreside (som kanskje var utanfor bana),
som Øystein tar med seg forbi eit par mann og dunkar ballen i
nettet til 3-2. Dermed blir det nokon spennande siste minutt i
Alvøen, men Viggo klarer ikkje å få inn utlikninga og Loddefjord
vinner kampen 3-2.
|