Kampreferat:
Vi tok i mot Høyden til sesongens siste heimekamp på Nymark
søndag ettermiddag. Ein rotete og tafatt start på kampen for
begge lag, men vi tar oss opp etter kvart. Håkon setter vårt
første på bakerste etter ein korner. Sjur legger på til 2-0 rett
etterpå. Bobbo, som endeleg er tilbake på bana, får drar seg
forbi ein forsvarar og setter ballen fint i mål. Vi er inne i
ein god periode og Kristoffer får satt in 4-0 etter at ballen
detter ned i feltet etter frispark. Etter halvtimen spelt setter
Tor ballen i lengste på halvvolley. Håkon får satt sitt andre og
vårt sjette etter at han vinner ballen høgt og setter den fint i
nærmaste. Like etterpå får Høyden sitt første mål for kvelden.
Vi går til pause med 6-1 leiing etter ein absolutt godkjent
førsteomgang.
Vi begynner bra i andreomgang og Bobbo får satt sitt andre for
kvelden etter at han tar i mot eit oppspel frå Tor, drar seg fri
og legger ballen fint i lengste. Etter dette fell vi litt i hop
og lar Høyden ta over kampen. Dei kjem ofte i overtal og får
satt tre mål på rappen. Vi har heldigvis ingen planar om å miste
kampen og Sjur drar av ein mann og tåsar den fint i lengste.
Ikkje lenge etterpå vinner same mann ballen i eige felt, setter
på turboen og spelar Adrian fint igjennom som er sikker. Høyden
reduserer ein gong før Tor også får satt sitt andre etter Bobbo
legger igjen og Tor legger den i nærmaste hjørne. Med 84 min på
klokka vil Mikal vere med på moroa og klinar ballen i mål frå
langt hold. Høyden får nok ei redusering før Mikal igjen lader
kanona, denne gang på frispark.
Vi tar ein fin-fin 12-6 siger etter mykje fint spel og god hjelp
frå karane frå a-laget.
|