Kampreferat:
Haustens andre kamp gjekk mot Arna-Bjørnar i Arna. Dette er eit
lag vi har spelt jamne og relativt oppheita kampar mot dei siste
åra. Søndagens kamp var intet unntak. Arna kjem best i gong då
dei etter uheldig forsvarsspel skorar omtrent før dommaren får
sett i gong klokka. Vi hevar oss etter den dårlege starten og
får i gang spelet vårt bra. Vi har mykje fint spel offansivt,
men brenner også mykje sjangsar. Det må eit fint rykk til frå
Szati før vi får satt ballen i mål. Han drar seg fri gjennom
midten og skorar sikkert aleine med keeper. Ikkje lenge etter
skorar Tor etter skudd frå distanse. Vi pressar på og skapar ein
haug med store sjansar. Vi har tre i treverket på kort tid,
blant anna smelte Szati eit frispark i tverra. Vi får svi for
misbrukte sjansar og Arna setter inn utlikninga like etterpå. Vi
går til pause på 2-2, men kunne fint ha skora 7-8 mål.
Underteikna burde kanskje ha putta ein 4-5 mål aleine.
Vi startar andre omgang dårleg. For lite bevegelse og for dårleg
tempo i ballen fører til at vi skapar lite. Arna er farlege på
kontringar og effektive når dei får sjansen. Dei puttar to raske
og leiar 4-2 etter halvtimen. Vi får redusert like etterpå etter
nydeleg gjennomspel frå Szati til Espen som setter ballen
sikkert i lengste. Arna svarer dessverre umiddelbart og går opp
i 5-3 leiing. Vi gir ikkje opp og Espen skorar nok eit fint mål
etter at han leikar seg gjennom forsvaret til Arna. Med ti
minutt igjen får Adrian satt inn utlikninga og vi har verkeleg
fått blod på tann. I det 83. minuttet skorar Szati leiarmålet.
Vi prøver å sikre inn sigeren, men det går heller dårleg. Med
fem minutt igjen får ein Arnaspelar drømmetreff og klinkar
ballen i krysset frå 30 meter. Langt inne i overtida får Arna
frispark etter at dommaren dømmer indirekte frispark då han
meinar at Thomas tar ballen med henda utanfor feltet. Thomas er
sterkt ueinig og det same er dei fleste på Viggo. Arna kliner
ballen i mål på det indirekte frisparket og det er det siste som
skjer i kampen. Eit fryktelig surt tap, men vi har mest oss
sjølv å takk (dernest dommaren..).
|