Graskamp på
Radøy var det som venta Viggo denne fredagskvelden i slutten av
april. Rett før avspark kom det ei god regnbyge som gjorde at vi
slapp problemet med tørr bane.
Kampen starta
med avspark til Radøy Manger, og heimelaget tar initiativet i
kampen frå starten. Dei virkar meir vandt med underlaget og er
tøffare enn Viggo spelarane i duellane. Dette fører til at Radøy
Manger kjem til dei første sjansane og har mest kontroll på det
som skjer på bana.
Etter 12 minutt
slit Viggo med å få avklart, og ballen havnar på rundt 20 meter
der Radøy Manger spelaren treff veldig bra med skotet sitt og
ballen susar inn i vinkelen til 1-0 leiing.
Viggo slit med å
få spelet til å flyte og vi skapar kun eit par halvsjansar i
første omgang.
10 minutt før
pause kjem Radøy Manger igjennom frå midten og eit skot frå
omtrent 16 meter susar i mål til 2-0, som og er stillinga til
pause.
Etter pause
startar Viggo betre og vi skapar litt meir sjansar. Etter at vi
har ein corner kjem Radøy Manger på ei kjapp kontring og spissen
som virkar å vere mange meter i offside får lov til å forsette
av dommaren og setter inn 3-0. Dommaren har vel ikkje ein god
dag på jobb og har i løpet av andre omgang mange merkeleg
avgjersler, blant anna fleire soleklare offsidar som ikkje blir
blåst på. Når han i tillegg ikkje ser eit par soleklare cornerar
til fordel for Viggo, får han klart beskjed om dette. Dette
svarar han elegant på med å stør om seg med kortstokken sin.
Mål blir det
ikkje fleire av på Radøy graset denne fredagen og det blir
tilslutt ein fortent seier til Radøy over eit Viggo lag som har
spelt betre kampar.