Sola
varma godt under oppvarminga, men gjekk ned bak Løvstakken få
minutt etter avspark, slik at det var flotte forhold for god
fotball på Viggo stadion denne fredagskvelden.
Viggo tar
avspark, og vi startar med å ta initiativet i kampen. Vi klarar
ikkje å få til så mykje finspel bakifrå på bana, men vi krigar
bra og kjempar oss til fleire sjansar.
Etter 10 minutt får vi corner frå høgre og Daniel sler ein flott
corner inn framfor mål som keeper må gje retur på, og då kan Ove
stange inn sitt første for sesongen til 1-0. Vi får etter kvart
fleire frispark, som vi og skapar ein del farlege situasjonar på
desse og kunne auka leiinga. Hordabø kjem meir inn i kampen, og
skapar og noken sjansar, men klarar ikkje å få mål før pause.
Viggo får heller ikkje meir utteljing før Marius blir spelt
igjennom med ei langpasning. Marius spring frå heile forsvaret
til Hordabø, før han setter ballen under keeper til 2-0.
5 minutt før pause putta Marius enda ein mål etter flott forspel
av Martin og Sjur på høgresida.
Stillinga til pause er dermed 3-0.
Andre
omgang startar jamt, men no er det Hordabø som står for måla.
3-1 kjem etter at Ove bommar på ei avklaring og spissen kjem
aleine med Morten.
3-2 kjem
etter innlegg frå sida, der Hordabø spelarane får står i kø
framfor Morten til å score. 3-3 kjem så etter eit raid frå
midten, som blir avslutta med eit hardt og velplassert skot nede
i hjørnet.
Etter
utlikninga hevar Viggo seg og begge lag har sjansar til å ta
leiinga. Men etter eit innkast frå Sindre, som Are stussar
tilbake i feltet, får Kjartan til å plassere ballen sikkert i
nettet bak keeper til 4-3.
Dei siste
minutta prøvar Hordabø å få enda ei utlikning, mens Viggo er
farlege på kontringar. Ingen av laga får ballen i mål og kampen
ebbar ut med 4-3 seier til Viggo.