Flotte
kampforhold kunstgrasbana i Austmarka på Radøy etter at kampen
var flytte frå grasbana på Hordabø.
Hordabø får
velje side og startar med litt vind i ryggen i første omgang,
men det er likevel Viggo som tek initiativet i kampen. Vi styrer
spelet og lar ballen gå i laget når vi har sjansen. Vi vinn dei
fleste duellar på midten skapar det som er av sjansar i starten
av kampen. Ein del farlege gjennomløpningar og ein tvilsom
offside avblåsning kjem dei første 20 minutt, mens Hordabø
skapar ingenting utanom eit par innkast høgt oppe i bana.
Etter omtrent
halvtimen får vi nok eit frispark på Hordabø sin banehalvdel.
Daniel slær eit flott frispark som skrur over keeper og rett inn
i mål til 0-1.
Resten av
omgangen forsatt god kontroll på kampen, sjølv om Hordabø kjem
litt meir med inn mot pause.
I 2.omgang
startar Viggo igjen best og det tar ikkje langt tid før Kjartan
sler ei krempasning igjennom til Are som overlistar keeper til
0-2.
Vi holde oppe trykket og skapar fleire sjansar til å auke
leiinga. 20 minutt ut i omgangen er det igjen Daniel som får
sjansen etter eit svakt utspel frå keeper som vi vinn høgt i
bana. Daniel klinkar ballen heilt oppe i krysset til 0-3.
Midtveis ut i
omgangen oppstår det litt dramatikk når Are lagar frispark og
får gult kort av dommaren. Dommaren påstår at Are og fekk gult i
første omgang, noke han då ikkje hadde fått. Situasjonen løyser
seg når Hordabø utviser stor Fair Play og opplyser dommaren om
at det var Hordabø sin nummer 9 som fekk gult i den første
omgangen.
Mot slutten av
kampen skapar begge lag fleire farlege situasjonar, og Hordabø
før utteljing på ein corner heilt på slutten når dei reduserer
til 1-3 som og blir sluttresultatet.