Regnet hølja ned
i over Salhus når Viggo kom til Bergen Nord på haustens første
bortekamp. Kampen starta med at Bergen Nord har mest ball og
Viggo forsvarar seg bra, gjer ting enkelt og slår mykje langt.
Begge lag skap
eit par farlege sjansar før Viggo får corner midtveis i første
omgang. Ørjan slår ein flott corner som Ove stussar inn ved
første stolpe til 0-1 leiing til Viggo.
Bergen Nord er
heldig og utliknar til 1-1 etter ein corner, der Morten boksar i
Hendrik og ballen spretter over foten til Kjartan og inn i
nettet. Rett før pause går Bergen Nord opp til 2-1 når
venstrekanten spring frå forsvaret til Viggo og setter ballen i
lengste hjørnet.
Viggo hevar seg
i andre omgang, og vi får til meir spel med ballen. Vi skapar og
fleire sjansar til å score mål og utlikne. Samtidig har Bergen
Nord fleire sjansar til å auke leiinga. Det er og Bergen Nord
som får utteljing igjen og aukar til 3-1 etter klabb og babb
innanfor sekstenmeteren.
Heilt mot
slutten flyttar Viggo opp laget og skapar fleire overgangar for
Bergen Nord. På ein av desse prøvar Morten å gå ut å ta ballen,
men er litt seint ute klipper ned spissen til Bergen Nord.
Spissen er på veg vekk frå mål og Ove er bak keeper, men dommar
ser likevel på det som ein stor målsjanse og gir Morten det
raude kortet. Marius må då ta på seg keeperhanskane dei siste
minutta, men kan likevel ikkje hindre at Bergen Nord scora 4-1
heilt på slutten.