Den utsatte
vårkampen mot BI Bergen gjekk i flott haustver på Myrdal
kunstgras. Kampen starta i høgt tempo og begge laga skapar store
sjansar til å score mål tidleg i kampen. Viggo er farlegast
frampå, og vi får først annullert eit mål frå Marius, før Marius
stangar inn 0-1.
Få minutt etterpå skyter Marius og keeper glipp ballen som
Hendrik er kjappast framme på og setter inn 0-2.
BI kjempar seg
tilbake i kampen og scorar 2 mål før pause når dei trer gjennom
frå midtbana og setter ballen bak Morten.
I andre omgang
er det BI som startar best og dei scorar eit mål ganske kjapt
etter pause. 4-2 kjem litt lenger ut i omgangen før Viggo slår
tilbake og reduserer til 4-3. Vi flyttar opp laget i eit forsøk
på eit utlikning, og BI straffar oss med å score 2 mål og
stillinga er 6-3. Viggo gir ikkje opp og vi reduserer først til
6-4, før Marius setter inn 6-5 med nokon få minutt igjen. Vi
pressar på mot slutt, og ballen susar forbi målet, men vil ikkje
inn. Dermed tapar vi vår tredje kamp på rad.