Med 4 keepere vekkreist og 5.mann med alboge ute av ledd, var det store spørsmålet før kampen kven som skulle stå i mål. Tor-Eivind tok ansvar og satt opp seg sjølv som keeper. Viggo startar kampen best og vi er flinke til å holde ballen i laget og får Vestkysten til å springe mykje i mellom. Viggo skapar og ein del gode sjansar men det drøyar litt med uttellinga. 1-0 kjem etter fint spel som endar opp med at Daniel L setter ballen i mål til 1-0. 2-0 kjem etter eit frispark frå høgrekanten, som keeper ikkje klarer å holde og returen setter Ove i mål. 3-0 kjem etter at Daniel tar ned eit oppspel og legg igjen ballen til Hendrik som sender ei strålande pasning igjennom til Kristian som aleine med keeper setter ballen sikkert inn ved nærmast stolpe. Viggo held oppe trykket inn mot pause og vi skapar fleire sjansar, enkelte digre, til å auke leiinga, mens Vestkysten skapar veldig lite.
I starten av 2.omgang hevar Vestkysten seg første minutta og prøvar å presse Viggo høgt. Vi får ikkje spelet vårt til å flyte like bra i denne perioden, men Viggo tek etterkvart tilbake styringa. Midtvegs i omgangen kjem ein ny offensiv av Vestkysten. Etter eit langt innkast er det nokon duellar i feltet, og dommar bles på ein av desse straffe til Vestkysten. Tor-Eivind reddar straffa, men må gje ein retur som Vestkysten setter i mål til 3-1. Vestkysten held oppe trykket eit par minutt etter målet, men Viggo hevar seg igjen og tek igjen styring på kampen. 4-1 kjem etter at Ørjan trer igjennom Hendrik som kjem på eit flott løp. Spelar til Thomas som setter ballen i mål. 5-1 kjem etter flott løp ned langs høgrekanten, som endar opp med Sverre inne i feltet som skyt, og ballen går via Eirik i mål. I slutten av 2.omgang skapar Viggo mange farlege overgangar, som vi kunne ha score fleire mål.
Ein godt gjennomført kamp av Viggo og flott innsats av alle som var med. Spesielt kjekt at dei som stiller frå 7ar laget bidrar godt og er med på å sikre ein viktig seier.