Kamp referat:
Flotte forhold på Viggo stadion med litt
sol og nesten ingen vind. Viggo startar kampen bra og vi tar
initiativet i kampen etter nokon hektiske første minutt. Vi
skapar ein del sjansar tidleg og får i tillegg nokon cornerar
som vi er nærme med å score på.
Myrdal får utteljing først når vi ikkje får klarert ballen på
høgreside. Myrdal spelar seg fint fram før ballen blir spelt på
tvers og spissen setter ballen i mål til 0-1.
Viggo slår tilbake nokon få minutt etterpå
når ein corner blir heada vidare frå Roger til Hendrik som
setter inn 1-1. Etter 35 minutt får Viggo frispark på hjørne av
16 meteren når Sjur blir lagt i bakken i ein av dei bakerst på
Myrdal. Anders dunkar frisparket i muren og ballen detter ned
til Roger som legger fint igjen til Anders som setter ballen i
mål heilt nede ved stanga til 2-1.
Få minutt seinare slår Ørjan ein strålande
pasning i bakrommet til Sjur som kjem på eit flott løp langs
høgrekanten. Sjur skyt ballen i mål via ein Myrdal forsvarar til
3-1.
Få minutt før pause får Myrdal sjansen til å snu opp midt på
Viggo sin halvdel og dei spelar seg fint igjennom midten og
reduserer til 3-2 som står seg til pause.
I andre omgang startar Myrdal best og dei
pressar oss bak på bana. Viggo står bra i mot, men etter ei
pasning frå Myrdal sin venstreside er der litt holding i feltet
og dommaren bles straffe for Myrdal. Morten er etter ballen, men
skotet går i mål til 3-3.
Viggo hevar seg etter utlikninga og 15
minutt i omgang tar vi igjen leiinga etter fint spel på
venstresida spelar Roger fri i midten. Roger vender vekk
forsvararen og dunkar ballen i mål til 4-3.
5-3 kjem 15 minutt seinare når eit innlegg blir stanga i mål av
Hendrik.
Myrdal reduserer til 5-4 etter klabb og babb etter eit innlegg,
som Myrdal får satt i nettet. Dei siste ti minutta har Myrdal
mest ball, men klarar ikkje å skape nokon store sjansar. Viggo
er farlege på kontringar og har fleire store sjansar til å
avgjere kampen. Men ingen av laga klarar å score meir og kampen
endar med 5-4 seier til Viggo.