Flotte forhold på kunstgraset på Myrdal, og trass i to sifra antall varmegrader var det både ull, hanskar og lange bukser på enkelte spelarar. Kampen startar forsiktig med to lag som ligg lavt og er flinke til å holde ballen i laget. Etter kvart tar Viggo initiativet i kampen og vi klarer å presse Myrdal høgare i bana samtidig som vi er flinke til å trille ballen i eige lag. Etter ei gjennvinning høgt i bana får vi og uttelljing, når Ørjan får ballen på omtrent og sender avgårde eit skot som kryp under keeper til 0-1.
Sjur aukar leiinga 10 minutter seinare når han dreg seg gjennom på høgresida og tuppar ballen i mål til 0-2. Vi har fleire sjansar til å auke leiinga i løpet av omgangen, men det er Myrdal som får neste målet. Ein lang ball opp blir flikka vidare med hælen til ein spelar på løp igjennom som setter inn 1-2.
Etter pause startar Viggo klart best og Ørjan er i ferd med å drible seg igjennom heile forsvaret, når Sjur får ballen og setter inn 1-3. Viggo held oppe trykket og etter ein corner som blir stussa på første stolpe stangar Hendrik inn 1-4. Vi skapar masse sjansar i denne perioden og vi kunne scora mange fleire enn vi gjer. 1-5 kjem etter at Martin drar seg fint igjennom på høgre sida og spelar til Marius som kan sette ballen i mål. Etter dette har vi god kontroll på kampen, men eit par kjappe reduseringar frå Myrdal gjer at vi må heve oss dei siste minutta. Men vi holder unna og tar viktige tre poeng som sikrar oss 4.plassen i årets avdeling.