Eit nydeleg vårver danna ramma for årets første heimekamp i 6.divisjon. Motstandar var Kjøkkelvik som også tapte sin kamp i serieåpning helga før. Viggo får velje side og startar med vinden i ryggen i første omgang. Kampen startar roleg og begge lag prøvar å holde ballen mykje i sitt eige lag og spele sitt eige spel. Ingen av laga klarar å spele ut motstandarane i starten og det er ingen store sjansar dei første minutta. Viggo riv etter kvart til seg initiativet i kampen og vi skapar utover midten av omgangen fleire store sjansar til å ta leiinga. Martin tar med seg ballen igjennom forsvaret og dunkar ballen i stanga, Roger stussar eit innlegg frå Sjur like utanfor stolpen. I tillegg er vi veldig farlege på eit par cornerar.
Vi får ikkje utteljing før Ørjan slår eit hardt frispark i lengste hjørne. Keeperen gir retur og Ove er første framme og kan stange inn 1-0 til Viggo. Eit par minutt etterpå gjentar vi suksessen. Ørjan sler eit hardt frispark, keeper gir retur og Daniel N. setter inn returen heilt oppe i vinkelen. Dei siste 10 minutta før pause jamnar det seg litt ut. Viggo har fleire sjansar til å auke leiinga, men samtidig må gjer eit par gode redningar i andre enden for å holde nullen.
I pausen forbereder vi oss på ein offensiv frå Kjøkkelvik i starten av andre omgang, og den kjem. Kjøkkelvik utnyttar vinden i ryggen og pressar veldig høgt mot Viggo. Dei skapar i denne peioden fleire sjansar, samtidig som vi sliter med å få vekk ballen. Få minutt ut i omgangen kjem får dei og utteljing, etter fint spel på midten der spissen kjem seg laus og dunkar ballen i hjørne frå om lag 20 meter. Kjøkkelvik pressar bra på i denne perioden, men Viggo er farlege på overgangar og kontringar. Etter om lag ein times spel får Viggo eit innkast høgt oppe i bana. Sjur kastar til Kristian, som kombinerer fint med Eirik. Og saman får dei ballen inn til Martin på bakre stolpe som kan dunke inn 3-1 frå om lag 10 meter. Etter målet har Viggo bra kontroll på det som skjer og Kjøkkelvik virkar som dei gir litt opp. Men etter 75 minutt får dei eit frispark like utanfor 16-meteren. Ballen skiftar retning i muren og lurer seg inn bak Morten til 3-2. Siste kvarteret pressar Kjøkkelvik på for å få utlikninga, men Viggo spelar bra defensivt og helde unna. I kampens siste minutt får Viggo eit frispark heilt ute på sidelinja på høgde med 16 meteren. Ørjan slår ballen kort til Martin som rundar forsvaret til Kjøkkelvik før han spelar til Eirik som kan styre inn 4-2 til Viggo.
Det endar dermed med seier i årets første heimekamp. Ein godt gjennomført kamp av Viggo i ein kamp der vi møter eit godt og fintspelande Kjøkkelvik lag.