Kamp referat:
Viggo stilte
med nye drakter til kampen, og det virka som vi ikkje var heilt
komfortable med dei frå starten av då det var Kalandseid som
starta kampen best. Allereide etter få minutt kjem første målet
etter ein stuss som går forbi keeper og inn i mål til 0-1.
Kalandseid held trykket opp og har og eit landskot i
tverrliggaren dei første minutta.
Viggo hevar
seg etter kvart litt og etter ein strålande corner frå Ørjan på
bakerste stolpe stangar Olav ballen ned heilt inne med
stolperota til 1-1.
Trass i
utlikninga er det Kalandseid som er det beste laget i denne
perioden og dei er flinke til å stresse Viggo når dei ikkje har
ballen og er effektive når dei har ball. Dei får og utteljing
når ein Kalandseid spelar dunkar ballen inn heilt nede med
stanga frå 25 meter etter at ein corner blir klarert ut på 25
meter. 1-3 kjem etter at ein Kalandseid spelar får lov til å snu
opp heilt aleine i Viggo sin 16 meter og spelar til ballen inn
framfor mål til ein umarkert spelar som kan sette inn 1-3.
1-4 kjem etter ein corner som
Kalandseid spelar upressa får stange inn målet.
I pausen
er vi bestemt på å prøve å snu kampen, og starten på 2.omgang er
meir jamspelt enn første omgang. Vi er meir med i duellane og
skapar litt framover, men Kalandseid forsetter å kjempe hardt i
alle duellar. Etter om lag 15 minutt ut i omgangen kjem 1-5 når
Kalandseid kjem fram på sin høgrekant og spelar på tvers til ein
spelar som setter ballen i målet.
Roger stangar
inn ei redusering 15 minutt før slutt, men Viggo klarer ikkje å
sette inn nokon sluttspurt og går på eit velfortent tap mot
Kalandseid.
. |