Kamp referat:
Viggo startar kampen best og
vi skapar fleire sjansar i starten og har overtaket i
kampen. Vi blir og avblåst 2 gangar tidleg for tvilsomme
offsidar.
Etter 12 minutt vinn vi ballen på midten og
Sjur startar ett flott raid på høgresida. Han rundar forsvaret
og sentrar til Daniel L som setter inn sitt første mål for
Viggo.
Etter 15 minutt får Viggo ein corner på
høgresida. Martin og Anders kombinerer fint og Anders kjem laus
på omkring 20 meter og skrur ballen elegant inn i lengste hjørne
til 0-2.
Viggo held oppe trykker utover omgangen og
første halvtimen spelar vi god fotball og skapar fleire sjansar
til å auke ledelsen ytterligare.
Dei neste 10 minutta kjempar Kalandseid seg
inn i kampen igjen. Etter 31 minutt reduserer dei 1-2 etter ein
innlegg frå sin venstrekant som blir stussa inn i lengste
hjørne. Og etter 37 minutt kjem utlikninga til 2-2.
Etter 39 minutt setter Roger inn leiarmålet
til 2-3 etter ein corner frå Viggo sin høgrekant.
Etter 42 minutt mistar Viggo ballen på veg
framover og Kalandseid køyrer ei rask kontring på sin
venstrekant, men avslutninga går like utanfor stolpen.
Etter 43 minutt vinn Martin ballen på
midten og spelar igjennom Sjur som lobbar ballen over keeper i
mål til 2-4. Det er og stillinga til pause.
2.omgang startar med 3 digre sjansar til
Viggo og vi er uheldige som ikkje punkterer kampen i desse
minutta. Kalandseid kjem meir med i kampen utover omgangen og
kampen bølgar fram utover omgangen.
Etter ein times spel får Viggo nok ein
sjanse til å auke ledelsen, når Roger tar eit kjapt frispark til
Eirik, men ballen stryk tverrliggaren.
Etter 62 minutt kjem det redusering til
3-4, og det gir Kalandseid trua på poeng. Dei pressar bra på den
siste halvtimen, men Viggo forsvarar seg bra. Mot slutten blir
temperaturen på bana høg og det blir dommaren får nok å holde på
med, men det blir ingen fleire mål. Viggo sikrar seg dermed
årets første borteseier, etter ein kjempeinnsats av heile laget.
|