Kamp referat:
Ein kald kveld i nordlege
Bergen, men bra forhold på Leikvang kunstgras var ramma for
årets første treningskamp. Viggo startar kampen med ei straffe
for å jamne ut divisjonsforkjellen. Martin er sikker og setter
ballen i mål via begge stolpane. Viggo startar kampen best og vi
har fleire farlege cornarar til å auke leiinga. Og etter eit
kvarter får vi uttelling når Ørjan sler ein knallhard corner som
Eirik stangar inn i vinkelen til 0-2.
Hovding sler tilbake og den kjappe
venstrekanten scorar to kjappe midt i omgangen slik at stillinga
til pause er 2-2.
Hovding startar 2.omgang
best og når vi mistar i markeringa får spissen til Hovding sette
inn 3-2 målet ikkje lenge etter pause. Viggo kjempar vidare og
vi hevar spelet vårt. Etter 70 minutter vinn Martin ballen høgt
opp i bana og rundar keeper og setter inn 3-3. 10 minutt før
slutt tar vi ein kort corner og Ørja dunkar ballen i mål til 3-4
leiing for Viggo.
Hovding utliknar til 4-4 få minutt etterpå
og den stillinga står seg heilt til dommaren bles av kampen.
|