Kamp referat:
I nydeleg solskin var Hetlevik motstandar i
Viggo sin fjerde kamp for sesongen. Vi forberedte oss på ein
tøff kamp, mot eit lag som hadde hatt 4 jamne kampar i starten
av sesongen.
Det er og Hetlevik som startar kampen best
og vil mest i duellane. Viggo slite med å få spelet til å flyte
og vi mistar mykje ballar i starten og vi er ikkje tøffe nok i
duellane. Hetlevik får og utteljing etter eit innlegg som Viggo
ikkje får klarert langt nok ut av feltet og Hetlevik held oppe
trykket og får pressa inn ledarmålet til 1-0. Etter målet er
Hetlevik beste dei neste minutta og, men så hevar Viggo seg og
siste 15 minutta av første omgangen er det vi som vinner flest
duellar og skapar flest sjansar.
Utlikninga kjem etter at Morten setter i
gang eit kjapt angrep med utkast til Sjur, som ruser ned over
høgre sida. Sjur sler eit flott innlegg som etter litt fram og
tilbake havna hos Daniel L som setter inn 1-1.
Etter utlikninga held vi oppe trykket og
rett før pause blir Daniel spelt fint
igjennom på venstre sida av seksten meteren. Forsvararen
heng i drakta, men Daniel slit seg laus og setter inn 1-2.
I andre omgang er det Viggo som er det
førande laget. Vi har god kontroll defensivt og skapar mange
sjansar framover. Vi får og annulert eit mål for ein tvilsom
offside i tillegg til at vi i alle fall skal ha minst ei
straffe. Siste 10 minutta flytta Hetlevik opp mykje folk og
setter press på Viggo, men dei skapar kun ein stor sjanse som
Morten slår ut til corner.
Viggo tar dermed sin tredje strake seier
etter nok ein krigekamp.
|