Haustsesongen starta i flott sommar ver på Viggo stadion. Både Viggo og Djerv stilte med store troppar og det var to motiverte mannskap som møte til kamp. Viggo starta best og vi har eit klart overtak på kampen dei første minutta. Etter 5 minutter er Hendrik fint framme på eit frispark og headar inn leiing 1-0. Djerv tek etter kvart over initiativet og utover omgangen. Utlikninga kjem etter ein innlegg frå høgrekanten som venstrevingen til Djerv dunkar i mål på heil volley. Same person setter og inn 1-2 målet etter eit flott gjennomspel på venstresida, og ei nydeleg avslutning i lengste hjørne. Resten av omgangen er det Djerv som har initiativet og styrer spelet. Viggo har nok med å forsvare seg og vi spring i periodar mykje imellom.
I pausa er vi bestemte på at kampen ikkje er avgjort og vi har planar om å heve oss i andre omgang. Omgangen startar likevel med klart overtak til Djerv og dei utnyttar overtaket til å auke leiinga til både 1-3 og 1-4. Viggo kjem etter kvart med i kampen og på 1-4 får vi straffe. Denne smell i tverrliggaren og få minutt etterpå går Djerv opp til 1-5. Då virkar det ein lang vei tilbake for Viggo, men vi gir ikkje opp. Martin setter først inn 2-5 etter eit flott raid. Roger reduserer til 3-5 etter å ha vendt vekk heile Djerv forsvaret. Ørjan skrur eit frispark knallhardt i nærmast hjørne til 4-5. Sondre stangar deretter inn 5-5 etter eit flott frispark frå høgrekanten.
I tillegg til måla har Viggo sjansar til å score fleire mål mot slutten, men Djerv har og fleire sjansar til å score fleire mål. Det ender dermed 5-5 i den første haustkampen. God moral av Viggo å slå tilbake og med slik innsats kan det bli fleire poeng utover hausten.