Kamp referat:
Kretsen gitt oss feil bane, så kampen går på Nymark sin
heimebane.
Trott startar best og skapar ein farleg sjanse før minuttet er
passert. Trott holde opp trøkket i starten og etter om lag 10
minutt kjem Trott gjennom på sin venstrekant, og får slått ein
innlegg til ein Trott spelar som setter ballen bak Morten til
0-1.
Viggo kjem meir med i kampen og tar etter kvart over styring. Vi
skapar og fleire sjansar til å utlikne, men får ikkje utteljing
før det nærmar seg pause. Utlikninga kjem etter ein ball opp
bakfrå som Roger og Eirik jobbar gjennom til Are som setter
ballen i mål til 1-1.
Rett før pause får Trott eit frispark på eigen halvdel, ballen
blir slått langt og Viggo skal berre avklare, men Trott får
ballen med seg og setter inn 1-2, rett før dommaren bles av
omgangen.
Andre omgang startar forferdelig for Viggo og før det går eit
halvt minutt ligg ballen igjen bak Morten og stillinga er 1-3.
Viggo hevar seg igjen og vi tar kontroll på kampen igjen. Etter
ein times tid, spelar Viggo seg fint rundt på venstrekanten og
Daniel sler eit innlegg som Eirik headar på mål, før Are er
frampå å setter inn reduseringa til 2-3.
Viggo prøvar å holde oppe trykket, men Trott er farlege på
overgangar. 2-4 kjem etter at Trott vinn på midten og fører
framover og sender ein susar frå 20 som er klistra i hjørnet.
Like etter kjem 2-5 etter at Viggo er uoppmerksomme.
Viggo forsetter å prøve å får utteljing
etter at Kevin gjer flott forarbeid på høgrekanten før han
spelar ballen til Ove som vender vekk ein forsvarar og setter
ballen i mål til 3-5. Få minutt etter scorar Trott
igjen
og aukar til 3-6.
Siste målet i kampen kjem etter at Are sler eit frispark på mål
som Eirik styrer inn til 4-6.
Nok ein gang bra innsats av Viggo, men vi blir hardt straffa for
feil vi gjer og får mål imot på veldig ugunstige tidspunkt.
|