Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar
Sk Viggo 3-4 Sotra 2
Pause: 0-2
Dato: 19.mars 2014
Bane Viggo Stadion
Dommer  
 
 
Lagoppstilling
  Morten  
Ove Kent-Ove Sondre
  Martin Marius N  
Sjur Ørjan Stian
  Eirik  
  Are  
 
Innbyttere:
Torbjørn
Sindre
Olav
Anders
Marius R.
Jørgen
Kevin
Daniel N.
0-1 20 min    
0-2 45 min    
1-2 65 min Sjølvmål  
1-3 70 min    
2-3 75 min Are  
2-4 80 min Straffe  
3-4 85 min Are  

Kamp referat:
Våt og surt i opptakten til kampen, og Sotra 2 såg ut til å like dette best i starten av kampen. Dei starta i alle fall klart best og pressar Viggo høgt på bana. Viggo gjer mykje feil dei første minutta og vi kjem oss ikkje opp i bana. Etter kvart kjem Viggo meir inn i kampen og vi får ballen til å gå i laget. Vi klarer å flytte oss høgare i bana og vi pressar Sotra høgt oppe på bana. Vi tvingar dei til å gjere feil og vinn igjen ballen høgt opp. Vi klarar likevel ikkje å skape nokon store sjansar, men er absolutt med i kampen utover omgangen. Sotra scorar likevel 2 mål i første omgang:
0-1 kjem etter at Sotra kjem rundt på sin venstrekant og sler 45 tilbake til 16-meteren og plasserer ballen heilt nede i hjørnet.
0-2 kjem etter eit utspark frå Morten som Viggo står å ser på. Sotra kjem med mange oppover og spelar seg gjennom og setter inn sitt andre rett før dommaren bles av til pause.

I andre omgang startar Viggo best og vi pressar Sotra i starten av omgangen. Midtvegs i omgangen pressar Roger forsvararen til Sotra til å putte ballen i eige mål.

Nokon minutt seinare scorar Sindre sitt første mål for Viggo, med dessverre er headinga i eige mål til stillinga 1-3.

Are setter deretter inn eit frispark ifrå 20 meter. Ballen skrur rundt muren og inn heilt nede i hjørnet til 2-3.

Sotra får så straffe etter at eit innlegg treff overarmen til Ove. Straffa blir satt inn oppe i hjørnet til 2-4.

Kampens siste mål kjem etter at Ørjan spelar eit flott frispark igjennom til Are som stussar ballen over keeper og inn i målet til 3-4.

Mot slutten har vi nokon halvsjansar til å utlikne, men det vil seg ikkje. Dermed blir det eit knepent tap mot Sotra 2, men kampen er likevel eit klart steg i riktig retning samanlikna med Paradis kampen.

Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com