Kamp referat:
Ein tynn Viggotropp på tur til Stord. Fergene
var heller ikkje i rute så det blei ein sein adkomst på bana. Vi
er likevel på klare på bana når kampen starta, men tapar val av
side og får motvind i første omgang.
Solid startar som forventa best og pressar Viggo lavt i bana. I
starten skapar dei og nokon farlege sjansar. Dei puttar og to
tidlege mål. Etter dette kjem Viggo meir med og vi klarar å
holde meir i ballen. Vi skapar få farlege sjansar og Martin er
nærmast med eit skot frå rundt 30 meter.
2.omgang startar dårleg for Viggo og vi får 5
baklengs dei første 20 minutta. I denne perioden klarar vi ikkje
å skape noko spel sjølve og mistar ballen for lett. Vi skjerpar
oss etterkvart og siste 25 minutta holder vi tett bakover og
hindra Solid i å kome til så veldig mange sjansar. Vi klarar og
å skape nokon halvsjansar framover på bana. Etter ein corner frå
Martin er Marius høgast i feltet og setter inn reduseringa til
8-1.
Vi tapar mot eit lag som har vunne alle
kampane sine i vårsesongen, og dei er klart betre enn oss idag.
Vi får trene bra i sommar og gje dei betre kamp til hausten.
|