Kamp referat:
Lyset var på og dermed blei det endeleg kamp mot
Paradis i TBWL. Paradis starta med 2 straffer og etter å ha sett
begge i mål, leia dei 2-0 før kampen kom i gang. Vi har avspark,
men klarar ikkje å få spelet til å flyte. Paradis er aggresive
og stressar Viggo til å gjere feil og hindrar oss i få til
pasningspelet vårt. Viggo får nokon sjansar etter cornerar,
blant anna ein som smell i tverrliggaren, men vi klarar ikkje å
skape mykje sjansar utanom det. Paradis er farleg på overgangar
og har ei avslutning som smell i tverrliggaren og ned, utan at
ballen er over streken.
Paradis får og det første målet som kjem
etter om lag ein halvtimes spel. Like før pause får Viggo til
eit flott angrep og Eirik sler ei presis pasning inn på bakerst
stolpe der Ørjan dunkar ballen i mål til 3-1.
Andre omgang startar betre for Viggo og vi
har betre kontroll på banespelet. Det er likevel Paradis som
scorar først, etter at Viggo blir brotne på veg framover og
Paradis kontrar setter inn 4-1. Like etter Paradis sitt mål
spelar Stian ein nydeleg ball igjennom til Are som puttar ballen
flott over keeper og setter inn 4-2. Mot slutten pressar Viggo
på for å redusere vidare, men vi kjem ikkje nærmare enn Sondre
si stupheading som stryk stolpen.
|