Kamp referat:
Kuldegrader på Nymark gjorde at det var ei glatt
bane som tok imot Viggo og Mathopen til flomlyskamp denne
onsdag. Mathopen starta med straffe som kapteinen satt sikkert i
mål til 0-1. Viggo starta kampen best og vi trillar mykje ball i
starten. Underlaget gjer det vanskeleg å kontrollere både ball
og bein, men vi klarar likevel å spele oss fleire sjansar i
første omgang. Vi har fleire farlege cornerar som vi headar like
over. Mathopen prøvar å slå i bakrom, og skapar ein stor sjanse
tidleg i omgangen med ein gjennomløping av spissen, men ballen
går rett utanfor. Omtrent midtveis i omgangen kjem Mathopen seg
ned på sin høgrekant og sender ballen inn på bakerste stolpe der
ein Mathopen spelar setter ballen i mål til 0-2. Viggo kjempar
seg tilbake og Are vinn ballen frå keeper og setter inn
reduseringa 1-2 før pause.
I andre omgang styrer Viggo det aller meste
og vi skapar fleire store sjansar til å utlikne. Vi klarar
likevel ikkje å sette inn målet før vi passerar 90 minutt, når
Ørjan spelar ein flott pasning til Are som dunkar inn 2-2.
Like etter smeller Ørjan ballen i tverrliggaren og returen blir
satt rett utanfor. Mathopen køyrer eit raskt angrep og klarer å
sette inn 2-3 målet rett før dommaren bles av.
Dermed blir det tap for Viggo i den tredje
kampen i TBWL, men med betre utteljing kunne vi vunne kampen i
dag, og spesielt andre omgang er det mykje bra spel.
|