Kamp referat:
Flott
sommarver i den første kampen på haustsesongen 2014. Viggo og
Lysekloster varma opp med stemninga frå Brann stadion i
bakgrunnen. Når kampen starta var det Lysekloster som starta
best og skapar eit par halvsjansar tidleg, og får utteljing
etter 5 minutt når eit innlegg blir slått 45 grader tilbake og
satt inn bak Morten. Viggo sler kjapt tilbake og nesten rett frå
avspark kjem vi rundt på høgrekanten og innlegget blir slått ut
igjen i bana der Kjartan tar ned ballen og dunkar inn sitt
første Viggo mål frå om lag 20 meter. Etter dette er det nok
Lysekloster som har mest ball og skapar dei største sjansane,
men Viggo er mest effektive og etter eit strålande angrep får
Martin ballen ute litt høgre for målet. Skot/innlegg går via ein
Lysekloster spelar og inn i nettet til 2-1 til Viggo. Etter
målet roar kampen seg litt og Lysekloster får berre eit par
halvsjansar før dommaren bles av for pause.
Andre
omgang startar med overtak til Lysekloster og Viggo slit med å
komme seg opp i bana. Etter omtrent 20 minutt kjem det 2 kjappe
mål frå Lysekloster som snur kampen. Viggo viser igjen god
innsats og hevar seg etter baklengsmål og byrjar å skape sjansar
igjen. Eit kvarter før slutt sender Morten eit langt utspark som
Ove stussar til Martin som tar ned ballen og finne Ørjan midt i
feltet som setter inn 3-3. Etter utlikninga står kampen og
vippar og begge lag skapar sjansar, men som så ofte før i
sesongen er det ikkje Viggo som får den avgjerande scoringa. 5
minutt før slutt scorar Lysekloster
sitt fjerde for dagen. Og sjølv om Viggo er nær nok ei utlikning
mot slutten endar det med 3-4 tap for Viggo.
|